This is a blog ...

... to update family and friends home in Norway. If you are looking for my animation blog, visit http://www.magnusanimationportfolio.blogspot.com/

søndag 23. august 2009

Fyste dagar i Bournemouth

No er det absolutt på tide med ei oppdatering her inne. Kva har skjedd i det siste? Vel, eg har flytta til Bournemouth og her møtte eg mellom anna Jade, ein av dei fem eg skal bo med her. Jade er ei utruleg morsom jente, som har mykje god kunnskap; sjakkspeling, te (sjølvsagt), teikning og maling, biologiske produkt, ikkje-biologiske produkt og det som verre er. Ho har vore upåklageleg hyggeleg og guida meg gjennom byen til butikkar som besette det eg treng. Noko som ikkje akkurat får plass på ein kort liste, men som nok heller krever ei bok til disposisjon. Dette har sitt grunnlag i at eg måtte, som et resultat av overvekt, sende ein fjerdedel av bagasjen min heim att med mor.


Ein lita oversikt i kva eg har kjøpt:


- DVD (sjølv om eg måtte leggje igjen DVD-spelaren)

- Pute

- Dyne som viste seg å vere ein tynn overmadrass – ja, for stor for senga

- DVD (samleboks med fire James Bond-filmar)

- Dynetrekk som ikkje er dynetrekk, men bare eit tynt laken-dyne-ting-isj (kva kaller ein slikt noe?)

- Dårleg ost

- God frukostblanding

- DVD

- Printer – “betre og billegare enn alle andre, både i innkjøp og drift”

- Vaskehansker, -midlar, -reidskapar

- DVD

- Bøtter og spann av vann, i flasker

- Bok – 1001 movies you must see before you die (kompensasjon for manglande DVD-spelar)


Til trass for nokon bomkjøp, et eg godt og held varmen om natta. Trivast godt!


Eg ventar enno på nøkkelen til huset og får ikkje svar ifrå husverta (på mail), så når eg skal ut åleine må Jade leggje frå seg nøkkelen om ho går ut seinare. Sidan Jade er ei kreativ jente, burde eg ha skjønt at det ikkje ville skje på vanleg vis. Når eg kom heim etter andre shoppingdag fann eg ein samanrulla papirlapp oppå ein pirathatt og ein sabel. «Ehmmm ... ?» Eg forkasta raskt tanken om å å ikkje bruke rekvisittane – «Dette blir mykje meir morosamt om eg er med på leiken». Punkt ein: «gå i meiningsløse sirkler». Inn i hagar, bak og rundt søppelspann, under eller over ein bil ... før eg enda opp med eit tre, «X marks the spot?». «Spørreteikn?» Dette uroa meg. Etter mykje leiting og mottak av rare blikk fann eg .. ingenting anna enn ein oransje raptor (dinosaur), som etter kort tid begynte å bli ganske plagsam av den enkle grunn at det ikkje var ein nøkkel. Jade likar raptorar, Jade hadde ikkje lagt ifrå seg nøkkelen, Jade var heime. Jade stod i døra med fotoapparatet og lo ...


Jobbsøknaden er ferdig om enn litt seint. Eg er ganske fornøgd med den og har hatt ein runde i Bournmouth sentrum. Dei fleste treng ikkje arbeidskraft no, men nokre bedrifter virka interessert. Kryssar fingrane og tar ein ny runde på mandag.


Som nokon av dykk alt veit, så ville Mira Craig ha det eg filma av hennar opptreden på Lost Weekend. Dette kan jo bli artig, men eg undrast på kor brukbart materialet er sidan lyden har eit avgrensa omfang av kvalitet. Håper dei har eit eige opptak. Men uansett, eg måtte lage ein kontrakt. Puh, meir papirarbeid. Formelle tekstar, ikkje mi greie. Men eg har brukt Internett, store mellomrom for å få den til å virke lengre og brukt ymse ord som eg ikkje veit tydinga av, i eit håp om å framstå som ein tanke kompetent. Noko eg trur eg har klart, for i dag har manageren meldt om at den ser grei ut, men at han vil vise den til Mira slik at ho også får godkjenne. Det hadde vore kult om det blei noko ut av alt dette.


Eg har stadsans som ein fluge. Ein blind fluge, i mørke, på syre. Eg hadde ikkje funne sør om eg stod på Nordpolen. Og Jade har same eigenskap. Saman er me som Colombus – me finn kanskje ikkje Pizza Hut-en me skulle på, men det var no ein veldeg flott sti. Jade er kanskje litt meir entusiastisk når det kjem til utforsking enn meg; «me går DEN vegen.» «Ehm, det er ikkje ein veg, men ein busk mellom to skogsvegar ...» Men det blei no ein bra tur, som på ein forvridd måte enda opp heime igjen. Etterpå såg me ein James Bond på hennar spelar. Mykje spenning, damer og konspirasjonsteoriar. Flotte filmar. Bond snikar seg fram. STOP! Sjå sexy ut i luften ... snik vidare. Ein må like slike verk.


Eg har arbeidet ein del med biletene mine sidan eg kom hit. Det er veldig kjekt å jobbe i Photoshop igjen. Eg har fått tilbake iveren eg hadde før. Kan sitje i timesvis og jobbe med eit bilete. Det har uheldigvis ikkje blitt så mykje teikning, berre nokon skisser og ein start på Sweeney Todd (Johnny Depp). Men læraren min har sagt at eg må halde fram med fotograferinga også, og til saman har det ligg det nokon arbeidstimar der. Her kan dykk sjå noko av det, elles så ligg ein del av biletene mine på http://www.flickr.com/photos/41709346@N03/

Skattekartet frå Jade


Meg med skattekart og piratutstyr


Starten av Sweeney Todd



Sjølvportrett



To gamle bilder eg fann og leikte litt med i Photoshop








fredag 14. august 2009

Min Englandsblogg

Hei, da har jeg, noget haltende, hevet meg på bloggebølgen. Tanken er å opptatere litt om hva som skjer i Bournemouth og kanskje legge ut litt tegninger, bilder og med tiden animasjoner. Håper det blir litt aktivitet her inne, men vi får se =P

Jeg har jo alt vært i Bournemouth to ganger for å sjekke ut skole og bofasiliteter, og der fikk jeg beskjed av min kommende lærer å tegne mer raske, enkle tegninger. Alltid ha med meg en skisseblokk og tegne alt (jeg ville). Hva som brukes til å tegne med er irrelevant, man tar det som er nærmest, noe som passer meg bra siden kulepenner renner som vann gjennnom fingrene mine. Noen ganger tar kunstverket 2 sekunder, mens andre ganger tar det 5 minutter. Her kommer en forsmak av det som er gjort til nå.

Ps. er forresten en veldig morsom aktivitet som anbefales;)

Mann som satt ved siden av meg på bussen. Det er vanskelig å tegne noen uten at de merker det.

En gutt på flyplassen som hopper mellom to foreldre.

2-erbussen. Han måtte stå med kontrabass på ryggen.

Postkasser jeg gikk forbi på vei hjem fra jobb i dag. At postkassene til venstre er bedre enn de til høyre er ren tilfeldighet, ikke symbolsk :P Det var bare slik de stod.

En voksen mann som strakk seg godt ut på flyplassen.